Vinterrebus 2019-2020 for born og familiar

Trimgruppa har også i år lagt ut vinterrebus i Djupvikskogen. Håper du har lyst å delta. Les meir her.

Denne årstida er kanskje vanskeleg å kome seg ut fordi det er tidleg mørkt på kveldane. Trimgruppa hadde sist vinter ein vinterrebus i Djupvikskogen som vi fekk gode tilbakemeldingar på. Vi har derfor hengt opp ein ny vinterrebus for vinteren 2019/2020 og håper endå fleire vil ta turen denne vinteren.  Ekstra gøy er den om ein går den med hovudlykt.

Dette er ein fin familietur og rebusen er laga for borna (med litt hjelp for dei minste). Du kan kombinere turen med ein rast i gapahuken eller på Pemarka (grillplassen ved Djupvikvatnet) Begge stadane kan ein ta med for grilling. Obs. Husk å sløkke bålet/bålpanna før du forlèt staden.

Slik fungera vinterrebusen:

Vi har hengt opp 9 refleks med bokstavar og tal på turstien. Stien er godt merka med stikker med refleks og skilt. Løypa er 1,3 km og du må gå heile turen. (Sjå kart)

Du kan gå turen så mange gongar du vil, og til fleire gongar ein går, til fleire lodd 😊. Vi kjem til å gjer endringar på rebusen i løpet av vinteren, så følg med. Det er ikkje nok å kopiere svaret. Den som vinn må ha riktig svar på dei 4 «postane» på arket.

Det vert trekt fine premiar blant dei som levera inn rett svar på rebusen. Klarer du alle rebusane gjennom vinteren trekker vi ein ekstra premie.  Hovudpremien er familiebiletet på Sunnmørsbadet.

Slik gjer du for å bli med: Husk penn!!

  • Fyll ut skjemaet. Du kan laste det ned under vedlegg på Facebook gruppa «Til topps med Tjørvåg IL». Du finn også ark i kassa ved stistart Djupvikvatnet (Sjå kart). Evt. bruke vanlig ark berre du får med alle svara.
  • Finn alle bokstavane og tala. Summer tala og bokstavane blir eit ord.
  • På Djupvikhaugen må du skrive deg i boka. Dato og nr på linja du skriv deg i boka må du skrive på arket. (Viktig!! – har du ikkje gjort det er du ikkje med på trekking)
  • I gapahuken finn du eit bilde, ord eller ting som du må skrive ned.
  • Når du er ferdig med rebusen skriv du namn, alder og mobilnr slik at vi kan ta kontakt om du er heldige å vinne.
  • Legg arket i kassa merka med Tjørvåg IL ved Kiwi Myrvåg.

GOD TUR!!

Info om stien.

Du kan starte 3 stadar. Sjå kart. Halsen, Djupvika merka Djupvikhaugen eller ved Djupvikvatnet, merka mot Djupvikhaugen, Rjåhornet/Huldrehornet. Det er parkering til 2-3 bilar. Ein kan også gå ein litt lenger tur, å staret der Forsamlingshuset stod, der er det god parkering.

På Djupvikhaugen er det turbok og benk. (Husk å skriv deg i boka og på arket). Husk også å sjekke post i Gapahuken (merka på kartet). Turen frå Djupvikvatnet kan vere litt vått å gå om det er mykje regn, men det er berre å sko seg rett. Ein går gjennom skog delar av turen og det er ein tur som er lett å gå. Her er god rås og merka. Følg skilt og stikke med refleks. Dei lyser godt opp i mørket. Det er same kvar veg du går men når det er veldig vått kan det vere greiast å starte ved Djupvikvatnet.

Sponsor/Premiar

Sparebank 1 Søre Sunnmøre,  InterSport Fosnavåg, Sunnmørsbadet

Vinnarane vert lagt ut på Facebook og Web sia til Tjørvåg IL. Vi kontaktar dei som vinn.

Trimgruppa

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift