Takk til Sparebank 1 Søre Sunnmøre for Drivkraftmidlar

Trimmgruppa fekk i vår tildelt drivkraftmidlar til innkjøp av nytt anlegg. Du kan lese meir her om fornøgde dametrimmarar.

Nokre av dei flotte damene som trenar kvar måndag

Dametrimmen i Stokksund held no på 3. året på rad. Vel 30 damer er medlemmar i dametrimmen som trenar kvar måndag og nokre torsdagar i gymsalen på Stokksund. Eit skikkeleg anlegg har stått på ønskelista då skulen sitt anlegg vart øydelagt. Trimgruppa søkte i vår Drifkraftmidlar til Sparebank 1 Søre Sunnmøre og gleda var stor når vi fekk tildelt kr 5 000,-. 

Anelgget kom på plass til oppstart i haust og no har vi god lyd og mikrofonar som gjer at anlegget også kan nyttast til arrangement som idrettslagete har. Det skal bl.a nyttast til Halloween disko for born seinare i månaden. 

Dametrimmen er godt fornøgde med nytt anlegg. God lyd og musikk er viktig element når vi skal trene. Vi er eit lavterskel tilbod og trenar etter det nivået ein er på. Trimgruppa synes det er viktig å ha tilbod som kan femne om mange. 

Tusen takk til Sparebank 1 Søre Sunnmøre for at de støttar opp om vår aktivitet i Tjørvåg Idrettslag. 

Spreke damer i alle alderar som trenar styrke og kondisjon. 

Elin og Linda er ansvarleg for dametrimmen i Trimgruppa

Sponsorar


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift