Tussa invitera lag og organisasjonar til jubileumsfest 26. oktober

Til festen får Tjørvåg ta med 2 vaksne og 2 born frå idrettslaget. Har du lyst å bli med så les meir her.

Laurdag 26. oktober kl 13.00-16.00 inviterer Tussa til jubileumsfest i Ørstahallen.
På programmet står mellom anna sponsorshow.


I den samanheng kan Tjørvåg Idrettslag ta med seg 2 vaksne og 2 born/ungdom som skal representer idrettslaget. Dei som vert trekt ut må stille i Tjørvåg drakt/kle og vere villige til å stille på scena når laget skal presenterast (gjeld alle 4).

Ein frå Styret eller nemnd vil vere med frå Idrettslaget.

Det vert trekt 1 vaksen og 2 born/ungdom som melder seg på.

Frist for påmelding er: 8.oktober

Send melding på Messenger til Åse-Karin Skogen Hauge med namn og at du ønsker å vere med.

Vinnarane av trekkinga vert kontakta. Håper du har lyst å bli med.

Info om jubileumsfesten:

I tillegg til sponsorshow får de høyre konsert med lokale songstjerner. 
Andreas Wahl kjem med vitskapsshowet sitt Elektrisk, og det vert moglegheit til å verte nærare kjende med Tussaligaen, Tussa sin eigen e-sportliga.
Alt dette vert leia med stødig hand av kongen av fredagsunderhaldninga på TV 2, Stian Blipp.

Styret

 

Sponsorar


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift