Litt nytt frå Turstiprosjektet

Tysdag 27.08 var "Skiltbanden" på tokt igjen. Du kan lese litt meir om det og litt anna her.

Gjengen i arbeid @foto Arnt

Sjølv om det har vore lite aktivitet på nett frå Turstiprosjektet så jobbar vi i det små.

Tysdag var nesten heile Turstiprosjektet på merketur. Arnt, Johnny, Arne, Hans, Jørn Hugo og Anja starta turen på Leikongsætra og gjekk mot Sollia. I fjor merka vi ei ny rås frå Nonshornet mot Rjåhornet, ved Holmevatet. 2 stikryss skulle settast opp på ruta. Når 7 skilt, 3 staur, boremaskin, spett, slegge, skrumaskin og diverse anna verktøy måtte berast eit godt stykke opp på fjellet var det kjekt å vere mange å dele på. Det var heller ikkje nokon ulempe at veret var med oss på ein slik tur, 20 gr og lite vind kan ein ikkje klage på.

6 av skilta vart sett opp på dei 2 stikryssa og Hans og Arne tok turen til Nonshornet og fekk bytta eit skilt der. Det vart ei god økt på fjellet denne kvelden og ein totalt tur frå Leikongeidet og ned att på ca 1 mil.

Du finn meir bilder frå turen på Facebookgruppa til Trimgruppa her. https://www.facebook.com/arnt.flatmo/posts/10156318214652190

Anja og Jørn Hugo @foto Arnt

Måndag denne veka vart også stikrysset mot Trolldalen montert. Dette har stått på agendaen lenge men ikkje blitt. No er også dette på plass og dermed er vi så og sei i mål med alle skilta.

@foto Johnny

Vi har ikkje nye stiar som står for tur å merke, men vi jobbar langs med. Vi har fått diverse forslag men ikkje alle let seg gjere å merke av ulike grunnar, men kom gjerne med forslag så ser vi på dei.

Framover blir det fokus på vedlikehald av stikker og rydding av råsene. Vi har begynt å male men det går no mot haust så vi rekke nok ikkje over alt vi ser er behov for. Vi må ta tørre stikker for å kunne male og sette på nye refleks.  Vi ser at vi har fått «hjelp» på nokre stikker, men vi ønsker at de teke kontakt med oss om det ønsker å bidra. Vi har utstyr og maling som vi ønsker vert brukt.

Vi har fått mala opp 100 nye stikker med refleks som vi på sikt skal sette opp enten med supplering, vedlikehald og eller nye ruter.

Arnt og Arnt i sving med ketchupflaska og malekosten @foto Arnt

Ein stor jobb er å få rydde stiane som veks igjen av lyng og kratt. Her er det fritt for å ta med hagesaksa å klippe når ein går tur. Vi rekke ikkje over med den veksten som er no, men her kan mange bidra om ein vil. Har de spørsmål og har lyst å bidra så er det berre å ta kontakt. Kjekt om vi får tilbakemelding viss det vert gjort ei dugnadsrunde på ein av stiane.

Fjelltrimmen går no fram til ca slutten av oktober.

Vi håper fleire støttar opp om fjellbingoen våra. Vi kjem til å utvide perioda på denne så det er berre å hive seg rundt å kjøpe. Vi hadde håpt på større deltaking då dette er kjærkomen inntekt for prosjektet. Du finn meir info om fjellbingoen på sia her.

Trimgruppa

 

Sponsorar


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift