Snipp, snapp, snute, så var eventyret ute (Oppdatert med fleire bilete)

Takk for denne gong.

Det er med tungt hjarte å måtte meddele at vi dessverre har trekt 11ar-laget frå serien.
Grunnen er heller inga hemmelegheit, nemmeleg mangel på spelarar.
Med fleire år der A-laget har slitt med spelarar og laget har vore gjennom fleire store oppbyggings perioder tilbake til 2015 - året etter opprykket til 5. divisjon (2014).
Tjørvåg har heller ikkje (i motsetning til åra rundt opprykket i 2014) hatt junior lag å kunne hente spelarar opp på seniornivå, så jobben har blitt desto vanskelegare med tida.

Tjørvåg IL har hatt eit A-lag med i seriesystemet for 11ar fotball sålenge som underteikna kan hugse, så det er ei negativ historie vi no skriv om.

Før sommaren låg gjennomsnittleg oppmøte på treningane rundt 7-9 spelarar, men ettersom 4-5 av desse no har flytta for å studere, og stallen hadde for mange usikre og tvilsomme spelarar mtp fortsettelsen. 
Så måtte ein berre innsjå at slaget var tapt, og det beste for både dei gjenværande spelarane samt avdelinga ville være at klubben trakk laget frå serien.

Ufatteleg trist og bittert, men igjen eit nødvendig steg då kabalen med å ha nok folk til kampane ville være ein for stor jobb for det hardtarbeidande trenarteamet, som allereide har kjempa lenge nok frå før av med å få endane til å møtast.

No er fokuset for dei gjennværande spelarane på  7ar-laget, og vil ha det å kunne glede seg over resten av sesongen.
Korleis neste år blir er på noværande tidspunkt umogleg å kunne seie noko om, men ein må alltid ha trua!
Så forhåpentlegvis går det ikkje fleire år til før Tjørvåg på nytt har eit senior lag i seriesystemet for ellevarfotball. 

Vi ynskjer å takke alle laga i divisjonen både i år og dei føregåande åra for kampane, og håpar vi vil møtast igjen på kvar vår banehalvdel om ikkje lenge - og ikkje minst lykke til vidare i sesongen.


Så til alle som har bidratt og ikkje minst dei som har støtta laget;
Takk for no, håpar å sjå deg igjen om ikkje så altfor lenge.

[Oppdater 17.09.2019 med fleire bilete nederst i saka]

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Og enda litt fleire bilete: 

 

 

 

 

 

 

 

Meir bilete vil kome...

Sponsorar


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift