NORWAY CUP TJØRVÅG IL - 2019

Det nærmar seg Norway Cup, også i år stiller Tjørvåg med lag. Vi har stilt lag på NorwayCup sidan 1988.

Som i tidlegare år så vel Tjørvåg IL å ha eigen buss for spelarane, både fram og attende til Oslo og under heile veka i Oslo. Dette er noko spelarar, trenarar, leiarar og foreldre set stor pris på. For mange av dei som har vore på Norway Cup frå Tjørvåg IL tidlegare er det bussturane som dei hugsar best.

Dette kostar sjølvsagt men med god hjelp frå folk i dei tre bygdene som kjøpte ender til andeløpet og lodd i pizzalotteriet, samt velvillige sponsorar som har bidratt, så er eigenandelen for spelarane lavare enn kva det kostar kun for kost og losji på Norway Cup.

Inkludert i eigenandelen er også pizzakveld på skulen, inngang Tusenfryd og middag på veg tilbake med bussen. Tusen takk til alle som har støtta oss.

Bussen har avgang laurdag kl. 07:30 frå Stokksund. Sjef ombord i bussen er Jan Olaf Hareide.

Når den returnerer er foreløpig torsdag, men om eit av laga skulle komme seg lengre utsetter vi heimreisen.

 

ÅRETS LAG

I år er det eit 7’er og eit 9er lag som skal nedover: G-15/16 og J-13

Alle tre laga er samarbeidslag med Gurskøy IL og Moltustranda IL.

Totalt 27 spelarar i alderen 13-17 år.

J-13 har på Norway Cup Alec Sandvik og Jan Rune Dalsøren som trenara og Åsmund Eide som lagleiar.

Dei møter Heia FK, Oppsal IF Fotball og Frisk A

For dei som har abonnement på Smp.no så viser Smp.no kampen mellom Tjørvåg/Gurskøy/Moltu J-13 - Heia FK Søndag 11:30

 

 

G16 har Stian Tarberg som trenar og Johan Ole Abeltun og Elena Wisth som lagleiar.

Dei møter Kjelsås IL, Rosendal TL, Bryn/Bud2 og Ølen IL

For dei som har abonnement på Smp.no så viser Smp.no kampen mellom Tjørvåg/Gurskøy/Moltu G-16 og Ølen IL på Tirsdag 15:15

 

 

Det vert oppdateringar undervegs på Facebook (Tjørvåg IL si side) og ei oppsumering her på nettsida etter kvar dag. Legg igjen en "LIKE" på facebooksida, da dukkar oppdateringar frå Ekeberg opp automatisk.

 

 

 

Vi ønsker spelara, trenara, foreldre og supportarar lykke til under årets NorwayCup!

 

Heia Tjørvåg IL!

Sponsorar


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift